Staten ber nå om tilbod på beredskaplagring av korn

Staten ber om tilbod på beredskaplagring av korn

Landbruksdirektoratet vil i dag legge ut invitasjon på Doffin til kornbransjen om å gje tilbod på lagring av dei første 30 000 tonna med matkveite for beredskapslagring.

Fakta:
Anskaffelsens omfang og kontraktsoppdeling

Staten skal i perioden fra 2024 til 2029 bygge opp et beredskapslager tilsvarende forbruk i 3 måneder, dvs. et lager på ca. 82 500 tonn. Målsetningen er at opptrapping skal skje ved at beredskapslageret økes med følgende mengder: 

  • 2024: 15 000 tonn
  • 2025: 15 000 tonn
  • 2026: 15 000 tonn
  • 2027: 15 000 tonn
  • 2028: 15 000 tonn
  • 2029: 7 500 tonn

Mengden korn som til enhver tid skal lagres av den enkelte driftsoperatøren vil fremgå av den enkelte kontrakt.

Det legges opp til tre utlysningstidspunkt, hvor to av seks pakker lyses ut per runde. Denne konkurransen gjelder for kontraktsårene 2024 og 2025. Fristen for konkurransen er 03.04.24.

Landbruksdirektoratet tar sikte på å utlyse kontraktene for 2026 og 2027 høsten 2024. Kontraktene for 2008 og 2029 tar vi sikte på å lyse ut tidlig 2025. Tidspunktene er tentative, men Landbruksdirektoratet vil holde markedet løpende orientert.

Innan 2029 er planen at beredskapslageret skal vera tilsvarande tre månaders forbruk av matkveite. Lagra skal byggast opp med 15 000 tonn i året opp til 82 500 tonn. Ordninga er utforma slik at staten skal eige kornet, medan det er dei kommersielle aktørane i kornbransjen som skal lagre og ta vare på kornet. Kontraktane er på 25 år og vil med det vere føreseielege for både staten og aktørane som skal stå for lagringa.

– Utlysinga er eit viktig steg på vegen for å få på plass beredskapslager for korn. Å få på plass beredskapslager for matkorn har vore ei viktig sak for regjeringa. Det handlar om å styrke beredskapen og tryggleiken for folk. Dette er eit bidrag for å sikre norsk matforsyning i ei uroleg verd, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

– Vi legg opp til at staten skal eige kornet, men at aktørane i kornmarknaden skal lagre og ta vare på kornet. Eg meiner dette er ei god og fleksibel løysing som eg vonar mange av aktørane i kornbransjen ser seg tjent med å gje tilbod på, seier Pollestad.

Kontraktane som no er lyste ut gjeld for dei første 30 000 tonna med matkveite frå 2024-2025, og dette kornet skal vere på lager allereie i haust. Beredskapslagra vil vere integrert med dei kommersielle aktørane sine lagre, og lokalisert rundt om i landet.

Powered by Labrador CMS