Ho er ny dagleg leiar for Bakeriet i Lom
Ho har røtene sine i Lom, men har etter studiar i Trondheim arbeidd i fleire store bedrifter i inn- og utland. No flytter ho attende til heimbygda for å ta over jobben som dagleg leiar i bygdas bakeri.
Heidrun Reboli Marstein startar i jobben som dagleg leiar i bakeriet i løpet av 1. kvartal 2025.
Etter å ha vore både bakarsjef og dagleg leiar i fleire år samstundes som han skulle takle ein alvorleg kreftsjukdom, måtte bakeriet sin grunnleggar, Morten Schakenda, få hjelp til å ta over den daglege drifta av bakeriet. Magnus Valentin Hansen kom inn som ein svært engasjert og dyktig leiar i januar 2020. Han fekk jobbe tett på Morten i to år heilt til han sovna inn i mars 2022. Hansen fortsette vidare som dagleg leiar i tett samarbeid med styreleiar og eigar, Jeanette A. Schakenda.
– Særs heldige
I sommar blei det klart at Hansen ville konsentrere seg fullt og heilt om drifta av Dølakjøtt på Otta. Bakeriet starta difor arbeidet med å finne ny dagleg leiar.
– Vi i styret for bakeriet føler oss særs heldige over at ein så dyktig, kunnskapsrik og engasjert person som Marstein, vil være med oss å drifte bakeriet trygt vidare dei neste åra. Marstein har utdanning innanfor organisasjonspsykologi, endringsleiing og forretningsforståing, og ho har lang og variert erfaring frå ulike leiarstillingar og styreverv både nasjonalt og internasjonalt, seier Jeanette A. Schakenda.
Ydmyk over arven
– Bakeriet i Lom er et firma med en unik historie og kjennskapsgrad langt utover landets grenser. Bakeriet er også en viktig arbeidsplass og enorm besøksmagnet for Lom. Å få muligheten til å bidra til å videreutvikle bakeriet er en drømmejobb jeg rett og slett ikke kunne si nei til, seier Heidrun Reboli Marstein og fortset:
– Bakeriet står på et solid fundament med sin stolte historie, et lag av kompetente medarbeidere, og en kvalitet på produktene som folk gjerne kjører en omvei for å få oppleve. Jeg gleder meg stort til å flytte tilbake til Lom, ta fatt på jobben og bli kjent med teamet. Samtidig er jeg ydmyk overfor at det er en stor arv etter Morten som vi skal foredle og videreutvikle sammen som et lag.
I ein overgangsfase inntil Marstein har høve til å tiltre for fullt vil styreleiar Jeanette Schakenda fungere som dagleg leiar.
Bakeriet i Lom blei etablert sommaren 2003. Under koronaåret 2020 nådde bakeriet for første gong ei omsetning på over 20 millionar. Sommarsesongen 2024 hadde bakeriet over 60 tilsette fordelt på bakarar, pizza- og sandwichkokkar, salsmedarbeidarar og oppvaskhjelparar.