Lass med korn i forgrunnen med korntrøsker på kornåker i bakgrunnen.
No blir konkurransen om kontraktar for oppstart av lagring hausten 2026 og hausten 2027 lyst ut.

Lyser ut nye kontraktar for beredskapslagring av matkorn

Innan 2029 skal Noreg ha etablert beredskapslagring av 82 500 tonn matkorn. No blir konkurransen om kontraktar for oppstart av lagring hausten 2026 og hausten 2027 lyst ut.

– Regjeringa styrker beredskapen og tryggleiken for folk i ei meir usikker verd. No går me i gang med den andre runden med utlysing av kontraktar for lagring av matkorn. Det er viktig for norsk matsikkerheit i ein eventuell krisesituasjon, og det er ei prioritert sak for regjeringa, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Kontraktane blir utlyst i tre rundar. I førre runde i juni 2024 inngjekk staten ein avtale med fire aktørar i kornbransjen. Aktørane er Norgesmøllene AS, Fiskå Mølle AS, Strand Unikorn AS og Lantmännen Cerealia AS. Det totale volumet er 30 000 tonn korn.

To av seks pakkar blir lyste ut per runde. Den som det blir lyst ut for no er runde nummer to og gjeld for 2026 og 2027. Landbruksdirektoratet tek sikte på å lysa ut kontraktane for 2028 og 2029 tidleg i 2025. Det er snakk om førebelse tidspunkt, men Landbruksdirektoratet held marknaden orientert.

Ordninga er utforma slik at staten skal eiga kornet, medan det er dei kommersielle aktørane i kornbransjen som skal lagra og ta vare på det. Kontraktane skal vara i 25 år frå oppstartstidspunktet.

Driftsoperatørane skal kjøpa inn korn for staten og lagra det i lag med sitt eige. Kvaliteten på beredskapskornet held seg gjennom at det blir lagra og bytt ut som ein del av den vanlege varestraumen til driftsoperatørane.

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har det overordna ansvaret for beredskapslagring av matkorn. Landbruksdirektoratet organiserer og forvaltar beredskapslagringa etter instruksar frå LMD. Dei inngår også kontraktar med driftsoperatørar som gjennomfører innkjøp og lagring.

Lagringa skal gjennomførast på ein samfunnsøkonomisk fornuftig måte og skal i minst mogleg grad påverka konkurransen.

Powered by Labrador CMS